fredag 18. desember 2009

Manhattan Skyline av Nils Henrik Smith

Manhattan Skyline av Nils Henrik Smith
Det norske samlaget, 2007

Nils Henrik Smith (f. 1980) er frå Bryne.
I 2007 fekk han gjennombrud med sin første roman, Manhattan Skyline. Han vann Tarjei Vesaas debutant i 2007.

I denne romanen møter vi hovudpersonen Aksel Eriksen. Han er studerer filosofi i New York. Heile historia er basert på angrepet på World Trade Center, 11 september 2001. Han er nemleg veldig fasinert av denne hendinga. Aksel er deltidspappa til seks år gamle Tomas, eit resultat etter ein one-night-stand på byen. Mora hans som bur i Norge, tek sjølvmord når Aksel er 26 år. Kvifor ho gjer dette kjem aldri fram. men fortvilinga hans er lett å spore. Han vil ikkje reagere, vil gløyme, men mora går ofte igjen i tankane hans.
Historia blir fortalt episodisk, altså framtida hans blir meir og meir avdekt. Først følgjer vi han på studentfest, så i fødeavdelinga på nyttårsaftan og mora's begavelse, der han finn ut at ho og presten har hatt eit tilhøve.

Manhattan Skyline er ikkje heilt lett å bli klok på. Ho er ei god historie om relasjonar innan familien, språket er kreativt og Smith lagar ein helt egen vri. Problemet er vel heller at ho tidvis er vanskeleg og krevjande å forstå, både fordi alle historiene ikkje heng på greip og fordi ho ikkje er kronologisk. Dette er sikkert ei interessant bok for dei som verkeleg forstår historia, men for dei mindre drivne blir nok dette litt for merkeleg. Det skal vere kjekt å lese, men denne boka lèt lesaren klø seg i hue mer enn å underhalde. Klart at romanar bør ha ei djupare meining, men på ein måte at lesaren forstår. Eller kanskje var meininga at me ikkje skulle forstå noko? Om eg skulle gjett boka terningkast, ville det falt på 4.